|
Me kan no tilby den nye 900 EVO serien av Elecro varmekolber som er produsert for bruk til koi og andre fisker. Dette er kvalitet i kvar minste detalj.
Damvarmer i rustfritt stål. Med enkel avlesing av temperatur på digitalt display og enkel justering av temperatur. Kolben vil kunne slå seg automatisk av om pumpa slår seg av eller ikkje leverer nok vatn gjennom kolben så den ikkje blir skada. Den har også innebygd kontaktor som forlenger levetid av kontaktpunktene i bryteren. Utvendig regulering av vannretning gjennom kolben. Termostat med sikring.
ELECRO serien finns i ulike modellar til dei fleste damstørrelser. For å sikre at varmekolber klarer å varme opp dammen og holde ein stabil temperatur bør ein rekne med at ein treng 1 kW (1.000 watt) pr. 4.500 liter. F.eks. treng ein dam på 13.500 liter 3 kW. Alle modellane kan ein også få med innebygd timer, men dei er mest brukt i land med diffrensiert strømpris i døgnet. Desse modellane tåler salt opp til 0,5%. Så med normal saltbehandling på 0,3% går det greit. Ellers anbefaller ein titan modellen for å unngå å korte ned levetid på kolben. 1 års garanti.
Spesielt laga for bruk til aquakultur og koi. Med nøyaktig temperatur kontroll heile året. Langt liv på varmeelementet. Designa for sikkerhet og enkel montering. Alle med 1 1/2" innvendig gjenger.
Skiftande temperaturer innanfor korte tidsrom er noko av det mest skadelege for koi. Dei vert både stressa og får nedsatt immunforsvar som igjen kan føre til sjukdom og død. I naturen lever fisken i store vatn der temperaturen er jevn heile døgnet og fisken kan fritt flytte seg til varmare vatn om det er behov. Mens i ein liten og grunn dam kan temperaturen svinge mykje. Spesielt er det om våren og hausten at det er størst variasjon i temperaturen gjennom døgnet. Dette er svært uheldig for koi. For å jevne ut desse ekstreme svingningane bruker ein oppvarming med f.eks. elektrisk straum. Desse varmekolbane har gjerne ein termostat slik at ein kan stille inn den temperaturen ein vil ha.
|